Miljødirektoratet
Miljødirektoratet er eit norsk direktorat som blei oppretta 1. juli 2013 gjennom samanslåing av Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forurensningsdirektoratet.[2] Miljødirektoratet er underlagt Miljøverndepartementet.[3]
Miljødirektoratet | |||
Type | Direktorat | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 999 601 391 | ||
Skipa | 2013 | ||
Miljødirektør | Ellen Hambro[1] | ||
Verkeområde | Noreg | ||
Tilsette | Ca. 700 | ||
Undergrupper | Statens naturoppsyn | ||
Eigarskap | Miljøverndepartementet | ||
Nettstad | miljødirektoratet.no |
Eit mål med etableringa av direktoratet har vore å forenkle og betre styringsdialogen mellom departement og direktorat, og vidare til fylkesmenn og kommunane.
Direktør
endreEllen Hambro blei i statsråd 22. mars 2013 åremålstilsett som direktør for Miljødirektoratet frå 1. juli same år.[4] Ho leda også arbeidet med samanslåinga av dei to direktorata i perioden fram til Miljødirektoratet blei oppretta.[5]
Oppgåver
endreDei overordna oppgåvene er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.[6] Meir spesifikt omfattar det oppgåver innan
- klima, klimagassar og klimatilpassing
- helse- og miljøskadelege stoff
- naturmangfald - forvaltning av areal og leveområde
- forvaltning av artar og bestandar
- friluftsliv
- forvaltning av hav- og kystmiljø
- forvaltning av elver og innsjøar
- avfall og gjenvinning
- luftforureining og støy
- regulering og tilsyn av industri og petroleumsverksemd
Grunnfunksjonane til direktoratet er å
- overvake miljøtilstanden og formidle miljøkunnskap og -informasjon
- vere myndigheitsutøver - forvalte lover og forskrifter, fatte vedtak etter desse og føre tilsyn
- styre og rettleie regionalt og kommunalt nivå
- vere fagleg rådgivar og samordne sektorovergripande arbeid
- bidra i internasjonalt miljøarbeid
Organisering
endreMiljødirektoratet har til saman om lag 700 tilsette – dei fleste av desse ved kontora i Trondheim og Oslo. Den overordna leiinga er lokalisert i Trondheim. Statens naturoppsyn er ein del av direktoratet med over 60 lokalkontor over heile landet.
Direktoratet er delt inn i følgjande avdelingar:
- avdeling for artsforvaltning
- industriavdelinga
- klimaavdelinga
- miljøgiftavdelinga
- avdeling for naturbruk og vern
- avdeling for naturressursar og klima
- tilsynsavdelinga
- organisasjonsavdelinga
- Statens naturoppsyn
Referansar
endre- ↑ Om miljødirektøren
- ↑ Regjeringen etablerer Miljødirektorat. Regjeringa.no
- ↑ Miljødirektoratet er oppretta. Regjeringa.no
- ↑ Ellen Hambro blir miljødirektør. Regjeringa.no
- ↑ Ellen Hambro direktør for Miljødirektoratet[daud lenkje]. miljodir.no
- ↑ Om Miljødirektoratet Arkivert 2013-10-03 ved Wayback Machine.. miljødirektoratet.no
Bakgrunnsstoff
endre- Miljødirektoratet
- Statens naturoppsyn Arkivert 2013-06-20 ved Wayback Machine.