Regionen Makedonia

Makedonia er ein geografisk og historisk region på Balkan i det søraustlege Europa. Grensene vert rekna å ha endra seg over tid, men vert i dag som region rekna for å ligge i seks land på Balkan: heile Nord-Makedonia, monalege delar av Hellas og Bulgaria og mindre delar av Albania, Serbia og Kosovo. Regionen dekkjer om lag 67 000 km² og har ein folkesetnad på 4,76 millionar.

Den gamle regionen Makedonia er i dag delt mellom Hellas (Gresk Makedonia), Nord-Makedonia, Bulgaria (provinsen Blagoevgrad), Albania (Mala Prespa og Golo Brdo), Serbia (Prohor Pčinjski og Gora).

Den eldste kjende busetnaden i regionen går tilbake om lag 9 000 år. Frå midten av 300-talet fvt. var kongedømet Makedonia ei dominerande makt i Hellas og naboområda. Sidan den gong har Makedonia hatt ei mangfaldig historie.

Kjelder endre