Regjeringsbygget i Baku
Regjeringsbygget (aserbajdsjansk Hökumət evi) i Baku er eit regjeringsbygg for forskjellige ministrar i Aserbajdsjan. Bygget ligg ved Neftchiler aveny mot Baku Bulvar ved Azadliqplassen. Baksida av bygget går langs den travle Uzeyir Hajibeyov gate i sentrum av Baku. Regjeringsbygget vart oppført for 5500 personar.[1]
Regjeringsbygget | |||
Hökumət evi (az) | |||
bygning | |||
Land | Aserbajdsjan | ||
---|---|---|---|
By | Baku | ||
Koordinatar | 40°22′25″N 49°51′9″E / 40.37361°N 49.85250°E | ||
skaparar | Lev Rudnev | ||
Stil | Barokk | ||
Byggestart | 1936 | ||
• Ferdigstilt | 1952 | ||
Regjeringsbygget i Baku 40°22′26″N 49°51′09″E / 40.373888888889°N 49.8525°E | |||
Wikimedia Commons: Government House of Azerbaijan |
Historie
endreI 1924-1927 vart det planlagd fleire store regjeringsbygg for Baku. I 1934 annonserte sovjetiske styresmakter eit anbod for bygginga av Baku Sovjet-palass (seinare omdøypt Regjeringsbygget). Konkurransen vart vunnen av dei kjende arkitektane Lev Rudnev, V.O. Munts og K. Tkatsjenko (deltakar). Med somme endringar i prosjektet, vart bygginga av Regjeringsbygget utført frå 1936 til 1952. Bygginga førte òg til bygginga av Leninplassen (seinare kalla Azadliqplassen, eller Fridomsplassen) føre byggverket. I 1955 vart det reist eit monument til Vladimir Lenin ved Azadliqplassen, laga av D.M. Garyaghdi.[2] I tillegg til hovudbygget vart det bygd fleire andre bygg i 1960- og 1970-åra kring plassen, som hotella Azerbaijan og Absheron. Leninstatuen vart seinare fjerna av sjølvstenderørsla i Aserbajdsjan etter Svart januar og Leninplassen fekk namnet Fridomplassen (Azadliqplassen).
Etter sjølvstendet
endreBygningen husa etter sjølvstendet i 1991 mange organisasjonar og føretak. Etter at bygningen vart renovert, vart alle føretaka flytta til andre stader i byen og kontora vart nytta av statsorganisasjonar.[3]
I 2006 starta ei renovering av bygg og dette prosjektet var ferdig i 2010.[4] Bygningen ligg i sentrum av Baku og er av dei mest vitja attraksjonane i Aserbajdsjan.[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Government House, Baku» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Reconstruction of Government House in Baku cost $40 million». Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 17. april 2012.
- ↑ «Илюстрация "Руднев Л. В., Мунц В. О. Дом правительства (Баку)" в Большой Советской Энциклопедии». Henta August 18, 2010.
- ↑ «HÖKUMƏT HÖKUMƏT EVİNƏ KÖÇÜR: YAXIN VAXTLARDA NAZİRLƏR KABİNETİ YERİNİ DƏYİŞƏCƏK». Arkivert frå originalen 17. juli 2011. Henta 18. august 2010.
- ↑ «Reconstruction of Government House in Baku cost $40 million». Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 18. august 2010.
- ↑ «Sites of Interest in Baku». Henta 18. august 2010.