Reguladetri
Reguladetri eller Regula de tri (frå Regula de tribus, latin regula = regel og tri = tre(tal)), eller treregelen, er ein gammal reknemåte innan matematikken som vert nytta for to par storleikar som er parvis proporsjonale. Metoden har vore i bruk i Kina, India, Babylonia, det gamle Egypt og òg i norsk skule heilt opp til tida vår. I moderne språk kan ein formulere dette prinsippet slik:
Gå ut i frå at A, B og C er kjende storleikar, og at «svaret» er ein ukjend storleik, slik at A forheld seg til B som C forheld seg til «svaret». Da er svaret = B/A × C.
Alt hos den indiske matematikaren Brahmagupta (ca. 600 e.Kr.) finn ein reguladetri med same namn. Seinare vart òg andre namn nytta, som til dømes den gylne regelen, proporsjonsregelen, kjøpmannsnøkkelen og fleire.
Kjelder
endre- reguladetri. (2012-02-07) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/reguladetri