Reichenbachtal er ein dal i Oberhasli i kantonen Bern i Sveits. Han ligg i kommunen Schattenhalb, og knyter Meiringen med Grosse Scheidegg-passet mot Grindelwald. Elva som renn gjennom dalen, Reichenbach, dannar Reichenbachfalla før ho munnar ut i Aare i Meiringen.

Reichenbachtal sett frå Grosse Scheidegg, med Engelhörner
Reichenbachtal ved Rosenlaui, med Wetterhorn og Rosenlauibreen

Rosenlaui er den høgastliggande busetnaden i dalen, om lag halvvegs opp i dalen på 1328 moh. Dalen er òg kjend som Rosenlauital etter busetnaden. Rosenlaui hotell er av dei eldste i regionen og vitnar om tidleg turisme i Sveits på midten av 1800-talet.

På austsida av dalen ligg Wetterhorn (3692 m), Engelhörner (2782 m), Wellhorn (3m), i tillegg til Rosenlauibreen. Aust for dalen ligg Rosenlauischlucht, ei djup og smal kløft danna av smeltevatnet frå Rosenlauibreen.

Lenger opp i dalen ligg Schwarzwaldalp.

Bakgrunnsstoff endre

46°40′48″N 8°08′58″E / 46.6799°N 8.1494°E / 46.6799; 8.1494