Kvart i musikk

i musikk
(Omdirigert frå Rein kvart)

Kvart (av latin 'fjerde') i musikk er det fjerde trinnet i ei diatonisk tonerekkje. Det kan visa til eit intervall som tilsvarer tre trinn i ei slik tonerekkje, til dømes mellom 1. og 4. trinn.[1]

Rein kvart endre

Ein rein kvart er nemninga på intervallet (avstanden) mellom to tonar på fem kromatiske halvtonar, til dømes avstanden mellom C og F. Namnet kjem av at ein kvart spenner over fire trinn i dei fleste diatoniske skalaer bortsett frå lydisk. At han er rein plasserer han saman med dei andre reine intervalla kvint, oktav og prim i ein eigen intervallkategori.

I ein likesvevande skala tilsvarer tilhøvet mellom frekvensane  = 1,3348 . I rein stemming tilsvarar det eit tilhøve på 3:4 .

I streng koralsats vert ein rein kvart vurdert som dissonans som må innførast og vert oppløyst etter bestemte reglar.

Ein invertert (omvend) kvart er ein kvint.

Det er vanleg å stemme strengene på kontrabassar og bassgitarar i kvartar. Gitarar vert òg stemd i kvartar med unntak av éin streng. Òg gambefamilien (viola da gamba) er delvis stemt i kvartar.

Forstørra kvart endre

Ein forstørra kvart verta for kalla tritonus (tre(heil)intervallet til tonane).

Forminska kvart endre

Ein forminska kvart er ein rein kvart der anten den øvste tonen er senka med ein halvtone, eller den nedste tonen er hevd med ein halvtone. Når ein brukar c som utgangspunkt, er den reine kvarten f. Hevar ein den nedste tonen med ein halvtone, får ein den forminska kvarten c - f. Senkar med den øvste tonen med ein halvtone, får ein den forminska kvarten c - f. Frå den reine kvarten a - d vert dei forminska kvartane a - d og a - d danna, frå den reine kvarten f - h dei forminska kvartane f (eller fx) - h og f - h.

I den likesvevande skalaen høyrest ein forminska kvart ut som ein stor ters. Likevel gjeld ein forminska kvart i streng koralsats som dissonans.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Kvart: musikk», Store norske leksikon, 16. oktober 2013