Reinebruene
Reinebruene er to bruer som fører europaveg 10 over Reinefjorden i Moskenes kommune i Nordland. Bruene går mellom Reine og Hamnøy, og knyter den sørvestlege delen av Moskenes kommune saman med resten av Lofoten. Bruene vart opna i 1981 og erstatta ferjesambandet mellom Reine og Hamnøy, som hadde vore i drift sidan 1963. Begge bruene er fritt frambygg-bruer.
Storvalen bru går mellom Andøya og Sakrisøya.
Breisundet bru kryssar Breisundet mellom Toppøya og Hamnøya. Brua er 240 meter lang med lengste spenn 120 meter. Seglingshøgda er om lag 17 meter, og brua har i alt tre spenn.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Reinebruene» henta frå Wikipedia på bokmål 12. mars 2008. Bokmålsartikkelen oppgav desse kjeldene:
- Johan Brun: Våre bruer. Damm 2003. ISBN 82-496-0760-0
- Lofotboka -05 Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.