Reisesjekk
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Ein reisesjekk er ein ferdigutfylt pengetilvising påført eit fast beløp på ein utanlandsk valuta. Sjekken kan kjøpast i ein bank i heimlandet og vekslast inn i ein bank eller på eit vekslingskontor i eit anna land. Ved kjøp må kjøparen påføra kvar enkelt sjekk sin eigen signatur under påsyn av utferdaren. Innehavaren påfører igjen signatur ved bruk av kvar enkelt sjekk under påsyn av mottakaran. Sjekkane var tidlegare eit hyppig brukt betalingsmiddel av reisande som ville unngå å ta med store summar i kontantar til utlandet. Ved tap av reisesjekkane kan påført sum refunderast ved å framvisa kjøpskvitteringa, noko som forsikrar innehavaren om at ingen andre løyser inn sjekken.
Dei første reisesjekkane vart utskrivene 1. januar 1772 av London Credit Exchange Company og var gangbare i ni europeiske byar. American Express vidareutvikla systemet i 1891 og selskapet har sidan vorte den største utferdaren av reisesjekkar.[1] I Noreg byrja bankar å selja norske reisesjekkar så seint som i 1977. Desse sjekkane var pålydande 500 kroner og kunne nyttast i Vest-Europa og eit fåtal andre land.[2]
I perioden mellom 1950 og 1990 var reisesjekkar ei av dei viktigaste betalingsformene for turistar på utanlandsreise som ville unngå risikoen ved å bera på seg mykje kontantar. Frå 1990-talet og utover har nytta av reisesjekkar minska monaleg etter at VISAkort har vorte sett på som ein meir praktisk måte å betala på i utlandet. Som følgje av dette har det òg vorte færre forretninger som aksepterer reisesjekkar som betalingsmiddel. I 2005 introduserte American Express reisesjekkar som oppladdbare betalingskort som i større grad òg kan brukast i forretninger og pengeautomatar.[3]
Dei største internasjonale utferdarane av reisesjekkar er American Express, MasterCard, Thomas Cook og Visa. I Noreg er Forex den største aktøren som enno tilbyr kjøp og sal av reisesjekkar. DNB avvikla salet av reisesjekkar i mars 2006.[4] All kjøp og bruk av reisesjekkar i Noreg skal rapporterast til Norges bank.[5]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Reisesjekk» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2018.
- ↑ Host With The Most, arkivert frå originalen 16. juni 2010, henta 23. september 2018
- ↑ Bankakademiet/Cappelen, Oslo 1986.
- ↑ Dinsides
- ↑ DNB -
- ↑ Regjeringa