Rekefjord
Rekefjord er ein liten fjord i Sokndal kommune. Han har innløp ved Lille Presteskjær fyrstasjon og strekker seg nesten 3 km nordover. Like innanfor innløpet ligg det to gamle dagbrot på kvar side av fjorden. Om lag halvvegs inne i fjorden ligg bygda Rekefjord på vestsida. Vidare innover smalnar fjorden veldig inn og vert berre om lag 15-20 meter brei. Her kryssar fylkesveg 33 fjorden. Lenger nord vert fjorden breiare igjen og vert her kalla Podlen, som ligg like vest for tettstaden Hauge.