Sokndal kommune

kommune i Rogaland

Sokndal er ein kommune heilt sør i Rogaland fylke, i Dalane. Kommunen grensar mot Vest-Agder fylke. Kommunen grensar i vest mot Eigersund, i nord mot Lund, og i søraust mot Flekkefjord. Sokndal kommune er kjend for strandstaden Sogndalsstrand og Jøssingfjord. Jøssingfjord er opphav til omgrepet jøssing, som dukka opp i Noreg under andre verdskrigen.

Sokndal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Hauge
Areal 295 km²
 - land 268 km²
 - vatn 27 km²
Folketal 3 347  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Bjørn-Inge Mydland (Sp)
Kommunenr. 1111
Kart
Sokndal
58°21′54″N 6°18′37″E / 58.365°N 6.3102777777778°E / 58.365; 6.3102777777778
Wikimedia Commons: Sokndal
Nettstad: www.sokndal.kommune.no

Sokndal kommune er Noreg sin fyrste medlemskommune av rørsla Cittaslow. Rørsla legg vekt på at ein skal ta vare på lokale særdrag. Eit hovudmål er å betra livskvalitet og skapa identitet til kommunen og staden.

Hjørnesteinsføretaket er Titania A/S som hentar ut titanmalm frå eit dagbrot. Titania er ein av dei største produsentane i verda av ilmenitt (jerntitanoksid).

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for noverande Sokndal kommune frå 1900:

1900 [1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
2968ab 2811ab 2728ab 3127ab 3234a 3578a 3480 3440 3453 3354 3285
a Talet omfattar eit område som var del av Sokndal kommune fram til 1947, då det vart overført til Eigersund kommune. Dette området hadde då 7 innbyggjarar.
a Talet omfattar ikkje garden Tjørn, som var del av Eigersund kommune fram til 1967, då han vart overført til Sokndal kommune, med eit innbyggjartal på 10 personar.

Fotnotar endre

  1. "Hjemmehørende folkemengde Rogaland 1801-1960 Arkivert 2007-08-08 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 7. oktober 2010
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Sokndal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre