Opna hovudmenyen
Rekkjehus i Århus i Danmark.

Rekkjehus er einebustadshus, småhus, bygd saman med fleire andre liknande hus til ei husrekkje, slik at husa støyter saman med kvarandre. I somme høve er husa i rekkja skilde frå kvarandre med ein open eller lukka garasje, og slike rekkjehus vert ofte kalla kjedehus.

Føremonene ved rekkjehusa er at alle har eit areal på framsida og baksida som kan nyttast til hage eller anna, samstundes som ein får tett, konsentrert utbygging som sparar areal og gjev føremoner når det gjeld kostnader til å leggje inn vatn og avløp og byggje veg.