Renée Colliard (fødd 24. desember 1933) er ein sveitsisk, tidlegare skirennar og apotekar. Colliard, som var frå Genève, vart olympiameister i slalåm i 1956.

Renée Colliard
Renee Colliard Cortina 1956.jpg
Fødd 24. desember 1933
Genève
Yrke alpinist
Renée Colliard på Commons

Colliard kvalifiserte seg til den sveitsiske OL-troppen 1956 med ein andreplass i eit renn i Grindelwald, kort før leikane tok til. I den olympiske tevlinga i Cortina d'Ampezzo overraska ho alle med å gå heilt til topps. Med startnummer 1 rann ho fortast av samtlege deltakarar i begge omgangane, og sikra seg gullmedaljen i slalåmtevlinga. Med tida 1.52,3 var ho heile 3,1 sekundar føre sølvvinnaren Regina Schöpf frå Austerrike.

I 1960 gifta Colliard seg og slo seg ned i Montana i kantonen Valais som apotekar.

BakgrunnsstoffEndra