Ein resesjon er ein tidsperiode med nedgang i BNP, altså negativ økonomisk vekst, i to eller fleire kvartal på rad. Resesjonar fører gjerne med seg aukande arbeidsløyse og anten fallande eller sterkt aukande prisar (deflasjon eller stagflasjon).

Ein langvarig eller særleg alvorleg resesjon blir kalla ein depresjon. Den best kjende depresjonen følgde i kjølvatnet av børskrakketWall Street i 1929. Denne blir kalla den store depresjonen.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.