Reshafim (hebraisk רְשָׁפִים) er ein kibbutz nordaust i Israel. Han ligg 2 km sør for byen Beit She'an i Beit She'an-dalen og høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune. Kibbutzen har kring 270 medlemmar, 50 innbyggjarar som ikkje er medlemmar og 100 barn.

Reshafim
kibbutz
Land  Israel
Region Beit She'an-dalen
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°28′53″N 35°28′38″E
Folketal 1 089 (2019)[1]
Grunnlagd 1948
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Reshafim
32°28′53″ N 35°28′38″ E
Wikimedia Commons: Reshafim
Nettstad: www.reshafim.org.il

Historie endre

Samfunnet vart grunnlagd av Hashomer Hatzair-medlemmar i 1947 ved Kiryat Haim. I 1948 var landområdet eigd av arabarar i Al-Ashrafiyya sør for Beit She'an. Dei flykta til Jordan då Golanbrigaden nådde fram til området 10.-11. mai under den arabisk-israelske krigen i 1948.[2] Dei første månadane etter grunnlegginga budde medlemmane i Reshafim kibbutz ei stund i ein leir i lag med medlemmar frå Shluhot kibbutz.

Grunnleggjarane var hovudsakleg overlevande etter Holocaust frå Romania og Polen. Dei fekk med seg ei lita gruppe israelskfødde jødar. I 1950-åra kom ei gruppe argentinske jødar og ei anna gruppe hovudsakleg sefardiske jødar til kibbutzen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/northern/yizreel/0437__reshafim/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003292.
  2. Benny Morris, The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, Cambridge University Press, 2004 s.227

Bakgrunnsstoff endre