Ein retningsventil er ein ventil som styrer retninga på væske- og gasstraumar. Retningsventilar vert brukt til styring av hydraulikk- og pneumatikkanlegg.

Retningsventilen er vanlegvis ein sleideventil. Sleiden ligg inni eit ventilhus. I sleiden er det skore ut spor der fluidet kan strøyma. Desse spora passar saman med spor og hol i ventilhuset, som så slepp fluidet gjennom til andre opningar langs sleiden, eller til tilkoplingsportane. Ved å flytta sleiden til ulike stillingar, kan ein treffa andre spor og væska går i andre retningar. Retningsventilar vert kategorisert etter kor mange ulike stillingar dei kan stå i, og kor mange tilkoplingar dei har. Ein 4/2-retningsventil er til dømes ein ventil som har fire tilkoplingsportar og kan stå i to ulike styrestillingar.

Ventilen kan styrast manuelt /mekanisk med spakar, trykknappar o.l., elektrisk (magnetventil) eller ved hjelp av trykk.

Ventilar som skal gå attende til ei normalstilling dersom styresignalet er vekke, vert utstyrt med ei fjør som pressar sleiden mot denne normalstillinga. Då er ventilen berre stabil i den eine styrestillinga, og vert kalla unistabil. Ein ventil som vert ståande når den ytre påverknaden forsvinn, vert kalla bistabil (stabil i fleire stillingar).

Symbol endre

 
Symbolet for ein retningsventil vert teikna med ei ruta for kvar stilling ventilen skal stå i. I kvar ruta er det teikna inn kva veg væska går i den stillinga. Tilkoplingane i eit skjema vert teikna i den stillinga som vert rekna som normalstillinga til ventilen. Der tilkoplingane ikkje er knytte til ei pil frå port til port, vil det seia at porten er stengd i den stillinga.