Opna hovudmenyen

Ein magnetventil eller ein solenoidventil er ein hydraulisk eller pneumatisk retningsventil som er styrt av ein elektromagnet. Når magneten får tilført spenning, skiftar magnetventilen stilling.

VerkemåteEndra

Retningsventilen heng saman med ein stålsylinder, ved sida av ein spole (magnetventilen). Når spolen får straum, vil sylinderen verta påverka av magnetfeltet, og flytta seg mot spolen. Då tek han retningsventilen med seg, slik at ventilen skiftar stilling. Når magneten ikkje lenger er aktivert, vil ei fjør stilla retningsventilen attende.

PortarEndra

Ein magnetventil har minst to portar. Ein 2-ports magnetventil kan berre anten lukka eller opna for det mediet som flyt gjennom han. Har han tre portar, er to av dei utgongsportar. Ventilen vil då skifta mellom dei to.

2-ports magnetventilar er vanlege å bruka i sentralvarmeanlegg. Elektromagneten reagerer då på det elektriske signalet frå ein termostat.

3-ports magnetventilar vert gjerne brukt i pilotventilar, som styrer større ventilar i eit prosessanlegg. Eit styresignal, til dømes frå eit PLS-system eller eit anna automatisert system aktiverar magneten, og magnetventilen skiftar stilling. Då slepp han igjennom luft til prosessventilen, som skiftar stilling. Når magneten ikkje lenger har signal, vil han stengja tilførselen og sleppa ut trykket til prosessventilen, slik at denne skiftar stilling att.

  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Sjå ògEndra