Retrorefleksjon
Retrorefleksjon er refleksjon av lys rett tilbake mot lyskjelda. Dette kan ein oppnå ved å gje den reflekterande flata små senkingar med form som til dømes hjørnet av ein terning, slik som på «kattøyer» og refleksbrikker, eller ved å bruke refleksmåling eller ferdige refleksband der det er små glaskuler som gjev slik refleksjon.
Kjelder
endre- retrorefleksjon. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/retrorefleksjon