Revsfjorden
67°37′14″N 15°10′24″E / 67.62056°N 15.17333°E Revsfjorden er ein fjordarm av Folda i Sørfold kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 4,5 km nordaustover på nordsida av Prestmåsøya til Husbyvika i botn av fjorden. Sagfjorden held fram vidare austover frå nordsida av Revsfjorden.
Fjorden har innløp mellom Mulneset i nord og Måsøyodden på Prestmåsøya i sør. På austsida av Prestmåsøya går Måsøysundet sørover til Sørfolda.