Norsk senter for folkemusikk og folkedans

(Omdirigert frå Rff-sentret)

Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff), tidlegare Rff-senteret, er ei norsk stifting som arbeider for å fremma, verna og vidareføre norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar.[1] Norsk senter for folkemusikk og folkedans er eit leiande kompetansesenter, og er også akkreditert som rådgivande organisasjon for UNESCO på vern og ivaretaking av immateriell kulturarv.[2] Det sjølvstendige arbeidet på senteret omfattar mellom anna innsamling, arkivdrift, forsking, formidling og tenesteytingar. Senteret held til på Dragvoll idrettssenter i Trondheim.

Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Typestiftelse
Org.nummer975372677
Skipa22. desember 1992
HovudkontorTrondheim kommune
Nettstadhttp://www.folkemusikkogfolkedans.no/ Sjå dette på Wikidata

Arbeidsområde

endre

Dei fagtilsette ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans driv med arkivarbeid, forsking, formidling og prosjektarbeid.[2]

Støtteordningar

endre

Norsk senter for folkemusikk og folkedans driv to støtteordningar som tar i mot søknader om økonomisk støtte til enkeltpersonar, føretak, offentlege og private organisasjonar, utøvarar og andre. Prosjekt eller aktivitetar som bidrar til å fremma og vidareføre norske folkemusikk- og/eller folkedanstradisjonar kan få stønad. Det blir delt ut to «Prosjektmiddel» to gongar i året, medan «Små og raske middel» blir delt ut ca. ein gang i månaden, sett bort frå i sommarmånadene.[3]

Undervisning og samarbeid

endre
  • Senteret samarbeider med Institutt for musikkvitenskap ved NTNU, og tilbyr mellom anna studentane til instituttet omvising i arkivet og rettleiing i oppgåveskriving.[4]
  • Sidan 2012 har senteret hatt ei aktiv rolle som associated partner for masterprogrammet «Choreomundus – International master in Dance Knowledge, Practice, and Heritage», som er eit Erasmus mundus-program tilknytta NTNU. Masterprogrammet undersøker dans og andre bevegelsessystem som immateriell kulturarv, og er eit samarbeid mellom NTNU, Trondheim; Université de Clermont Auvergne, Frankrike; Universitetet i Szeged, Ungarn; og University of Roehampton, Storbritannia. Dei fire universiteta er alle er internasjonalt anerkjent for arbeidet sitt innan utvikling av innovative læreplanar for analyse av dans og annan bevegelsespraksis.[4]
  • I 2020 inngjekk Norsk senter for folkemusikk og folkedans ein samarbeidsavtale med Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved Universitetet i Søraust-Noreg, avdeling Rauland, der kompetansen på senteret i etnokoreologi, danseanalyse og arkivformidling er viktige bidrag. Norsk senter for folkemusikk og folkedans rettleiar studentar på bachelor- og masternivå i arkivstoff og arkivanalyse.[4]

Kjelder

endre
  1. «Norsk senter for folkemusikk og folkedans» (på norsk). Henta 25. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Om Norsk senter for folkemusikk og folkedans» (på norsk). Henta 25. mars 2022. 
  3. «Prosjektmidler» (på norsk). Henta 25. mars 2022. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Undervisning» (på norsk). Henta 25. mars 2022.