Ribbemaneter

(Omdirigert frå Ribbemanet)

Ribbemaneter eller kammaneter (Ctenophora) er ei gruppe radiærsymmetriske dyr som lever i hava rundt om i verda. I lag med nesledyra, som dei er nært skylde, vert dei rekna som dei mest primitive sanne dyra.

Ribbemaneter
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Rekkje: Ribbemaneter Ctenophora
Eschscholtz, 1829

Ribbemanetene er planktoniske, frittlevande og stort sett pelagiske. Dei har som oftast ei krukke- eller eggforma og geléaktig manetform, og er vanlegvis særs skjøre.

Den fyrste sekvenseringa av genomet til ein ribbemanet, Mnemiopsis leidyi, vart publisert i 2013.[1]

I Noreg er vanlege artar sjøstikkelsbær, lobekammanet og agurkkammanet.

Kjelder

endre

«ribbemaneter» av Lauritz S. Sømme i Store norske leksikon, snl.no. Henta 10. april 2017.

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.