Nesledyr

rekkje i dyreriket
Nesledyr
Manetane er nesledyr
Manetane er nesledyr
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Rekkje: Nesledyr Cnidaria
Hatschek, 1888

Nesledyr (Cnidaria) omfattar mellom anna maneter, korallar og sjøanemoner, og er biradiale dyr som har fått namn etter dei lammande neslecellene, eller cnidocyttane, sine. Gruppa er utbreidd i saltvatn og ferskvatn, og utmerker seg evolusjonshistorisk som dei første organismane med ekte vev, mellom anna nervar og musklar.

Kroppsplan endre

Nesledyra er såkalla diploblastiske dyr, det vil seie at vevet kjem frå to embryonale cellelag me kallar endo- og ektodermen. Orda er avleidd frå latin, og fortel kvar på embryo dei sit – dei endoderme cellene sit rundt urtarmen på innsida av dyret og utviklar seg etter kvart til gastrodermis, som kler innsida av magen til nesledyra. Ektodermen på si side sit på utsida og blir epidermis. Mellom desse to cellelaga ligg eit tredje lag; den gele-aktige mesoglea. Denne tener til å stabilisera dyret, men vert ikkje rekna som ekte vev: Det består ikkje av celler; dei gongane celler finst her kjem dei alltid opphavleg frå epidermis eller gastrodermis.

Fødeinntak endre

Nesledyra lever som filtrerarar eller rovdyr, avhengig av leveviset og storleiken deira. Dei fleste lever hovudsakleg av små krepsdyr og anna plankton som dei fangar med neslecellene sine. Når ein næringspartikkel kjem i kontakt med den såkalla cnidocoilen på neslecella, utløysar det nematocysten, ein slags tentakkel. Denne lammar og heldt fast byttet, som så vert trekt inn i munnen på dyret av kontraktile musklar. Frå munnen går byttet inn i den gastrovaskulære hola, som svarar til ”kroppshola” til dyret. Her skjer all den ekstracellulære fordøyinga i organismen, i tillegg til utskiljing av egg og sæd og noko gassutveksling. Hola har i motsetnad til analoge strukturar hjå mange andre organismar berre ei opning; noko som vil seie at ekskresjon og næringsopptak går føre seg gjennom dei same kanalane.

Systematikk endre

  • Underrekke (eller klasse, dei lærde stridest) Anthozoa - korallar og sjøanemoner
  • Underrekke Medusozoa