Ribbemaneter
Ribbemaneter eller kammaneter (Ctenophora) er ei gruppe radiærsymmetriske dyr som lever i hava rundt om i verda. I lag med nesledyra, som dei er nært skylde, vert dei rekna som dei mest primitive sanne dyra.
Ribbemaneter | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Eumetazoa |
Rekkje: | Ribbemaneter Ctenophora Eschscholtz, 1829 |
Ribbemanetene er planktoniske, frittlevande og stort sett pelagiske. Dei har som oftast ei krukke- eller eggforma og geléaktig manetform, og er vanlegvis særs skjøre.
Den fyrste sekvenseringa av genomet til ein ribbemanet, Mnemiopsis leidyi, vart publisert i 2013.[1]
I Noreg er vanlege artar sjøstikkelsbær, lobekammanet og agurkkammanet.
Kjelder
endre«ribbemaneter» av Lauritz S. Sømme i Store norske leksikon, snl.no. Henta 10. april 2017.
- ↑ Ryan, J. F.; et al. (13. desember 2013). «The Genome of the Ctenophore Mnemiopsis leidyi and Its Implications for Cell Type Evolution». Science 342 (6164): 1242592. PMID 24337300. doi:10.1126/science.1242592.