Richard Coughlan
Richard Coughlan (2. september 1947–1. desember 2013)[1][2] var ein engelsk musikar, mest kjend som trommeslagar og perkusjonist i Canterbury scene- og det progressive rockebandet Caravan. Han var med å skipe Caravan i 1968 og vart verande i bandet fram til han døydde.
Richard Coughlan | |
![]() Coughlan (første til høgre) som medlem av The Wilde Flowers (1966) | |
Fødd | 2. september 1947 |
---|---|
Fødestad | Herne Bay i Kent i England |
Død | 1. desember 2013 (66 år) |
Dødsstad | Broadstairs |
Opphav | Storbritannia |
Aktiv | 1966–2013 |
Sjanger | Progressiv rock, jazzfusion, Canterbury scene, kunstrock |
Instrument | Trommeslagar |
Tilknytte artistar | The Wilde Flowers, Caravan |
Verka som | Musikar |
Biografi Endra
I 1966 vart Coughland medlem av The Wilde Flowers, der han erstatta Robert Wyatt på trommer, då han slutta for å skipe Soft Machine. I 1968 skipa han Caravan i lag med andre musikarar frå The Wilde Flowers.[1][3] Grupppa var aktiv fram til tidleg i 1980-åra, og spelte inn ti album på denne tida. I 1990 kom Caravan saman att. Coughlan vart verande med bandet fram til han døydde etter ei tids sjukdom i desember 2013.[1][2]
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Richard Coughlan» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2019.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Richard Coughlan». Calyx, the Canterbury Website. Henta 26. oktober 2019.
- ↑ 2,0 2,1 Swanson, Dave (9. desember 2013). «Caravan Drummer Richard Coughlan Dies». Ultimate Classic Rock. Henta 26. oktober 2019.
- ↑ Eder, Bruce. «Richard Coughlan». AllMusic. Henta 26. oktober 2019.