Richard Festinger

amerikansk komponist

Richard Festinger (fødd 1. mars 1948) er ein USA-amerikansk komponist, pianist og lærar.

Richard Festinger
Fødd1. mars 1948 (76 år)
OpphavUSA
Verka somkomponist

Han skipa kammermusikkensemblet Earplay. Tidleg i karrieren spelte Festinger gitar og turnerte med visesongaren Joan Baez, mellom anna på Woodstockfestivalen.[1] Kort tid etter spelte han jazz før han frå 1972 og utover byrja å få ei aukande interesse for klassisk musikk og komponering.

Innspelingar

endre
  • Music of Richard Festinger. New Millenium Ensemble. Bridge Records 9245
  • Richard Festinger: Tapestries and Other Works. Laurel Trio, Earplay, Curtis Macomber. New World/CRI NWCR832
  • A Serenade for Six. New Millenium Ensemble. New World/CRI NWCR772
  • Septet, the Earplay ensemble, Centaur CD 2274
  • Triptych, Samuel Baron, fløyte, Contemporary Recording Studios vinyl LP CRS 8738
  • Forskjellige spor, Joan Baez, One Day at a Time, Vanguard Records
  • Live at Pangaea, volumes I and II, Independent Records, San Rafael, CA, vinyl LPs

Kjelder

endre
  1. Arts, Bethel Woods Center for the, «The Sixties | Bethel Woods Center for the Arts», www.bethelwoodscenter.org (på engelsk), henta 25. november 2018 

Bakgrunnsstoff

endre