Richard Supa

amerikansk komponist
(Omdirigert frå Richie Supa)

Richard «Richie» Supa (fødenamn Richard Goodman) er ein USA-amerikansk låtskrivar og gitarist som er mest kjend for arbeidet sitt med Aerosmith, The Rascals og Richie Sambora.

Richard Supa
Fødd1944 (80 år)
FødestadNew York by
FødenamnRichard Goodman
OpphavUSA
Instrumentgitar
Tilknytte artistarRichie Sambora
Verka somLåtskrivar, gitarist

Supa gav ut fleire album under eige namn, mellom anna Supa's Jamboree (1971, Paramount 6009), Homespun (1972, Paramount PAs 6027), Lifelines (1976, Epic PE34277) og Tal Tales (1978, Polydor PD-1-6155). Songen hans «Stone County Wanted Man», som dukka opp på albumet Supa's Jamboree, vart spelt inn av Johnny Winter for albumet hans Saints & Sinners.

Som ein mangeårig ven av Aerosmith har han gitt ei rekkje musikalske bidrag til bandet og moralsk støtte. Han erstatta mellombels Joe Perry då han forlét bandet i 1979, og bidrog med gitar til studioalbumet Night in the Ruts (1979). I tillegg skreiv eller var medlåtskrivar på fleire Aerosmith-låtar, mellom anna hitane «Chip Away the Stone» (1978), «Lightning Strikes» (1982), «Amazing» (1993) og «Pink» (1997).

Supa var med på å skriva dei fleste låtane på Bon Jovi-gitaristen Richie Sambora sitt andre soloalbum Undiscovered Soul. Han skreiv songen «Misery» til albumet Missundaztood av Pink, der Aerosmiths songaren Steven Tyler medverkar. Supa var òg med og skreiv låtane «My Interpretation», «Your Sympathy» og «Instant Martyr» frå debutalbumet til Mika, Life in Cartoon Motion. Han var òg med på å skriva «Back on Earth» for songaren Ozzy Osbourne.

Supa er no direktør for kreativ tilfriskning ved Recovery Unplugged Treatment Center, der han bruker musikk for å hjelpa rusavhengige i tilfriskning.[1].

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre