Richterskalaen er ein skala for å måle styrken på eit jordskjelv, og blei utvikla av Charles Francis Richter og Beno Gutenberg ved Teknologiinstituttet i California i USA i 1935.

Skalaen er logaritmisk, slik at eit jordskjelv med ein verdi lik 2 på Richterskalaen er 10 gonger kraftigare enn eit jordskjelv med en verdi lik 1. Denne måten å rekne styrken på blei utvikla for å skilje mellom dei mange små skjelva frå dei få store i California på denne tida.

Nullpunktet i skalaen blei definert som «ei rørsle i jorda som på 100 kilometers avstand kunne registrerast av ein Wood-Andersen-seismograf med eit utslag på 1 mikrometer». Nullpunktet er altså ei svært svak rørsle i jordskorpa – på den tida nesten ikkje målbar – men poenget var at ein ikkje skulle måtte forholde seg til negative verdiar, sjølv om skalaen au støttar dette.

I mange tilfelle er likevel Richterskalaen misvisande, da den energien som blir utløyst ved eit jordskjelv ikkje alltid tilsvarar graden av øydelegging. Det er fleire faktorar som spelar inn, blant anna korleis jorda rører seg i forhold til det aktuelle terrenget. Andre skalaer – som Rossi-Forel-skalaen og Mercalliskalaen – er betre tilpassa til å måle effekten av eit jordskjelv, men Richterskalaen er den mest kjende, og difor au den mest vanlege å bruke.

Sjå au

endre