Rick Kemp (fødd 15. november 1941) er ein engelsk bassist, låtskrivar, songar og plateprodusent, mest kjend for arbeidet sitt med det banebrytande elektriske folk-bandet Steeleye Span.

Rick Kemp

Fødd15. november 1941 (82 år)
FødestadLittle Hanford i Dorset
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til i dag
SjangerRock, blues, elektrisk folk
InstrumentBassgitar
Tilknytte artistarSteeleye Span Whapweasel
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent

Kemp har vore medlem av Steeleye Span i kring 25 år og kom inn i bandet i 1972. Han forlet dei i 1986, men kom attende i 2000 og er framleis aktiv i bandet.

I 1971 spelte Kemp med King Crimson, kort tid før bandet spelte inn albumet Islands. Han avslo å bli med dei som fulltidsmedlem, og slutta visstnok i bandet etter berre to veker.[1]

Kemp har spelt bass på fleire Maddy Prior-innspelingar, og var medlem av the Maddy Prior Band i 1980-åra. Han har òg spelt på album med tidlegare Steeleye Span-medlem Tim Hart.

I 1979 var Kemp med på å starte plateselskapet Plant Life med Steeleye Span-trommis Nigel Pegrum. Selskapet vart lagt ned i 1984.

Han har gjeve ut fire soloalbum: Escape (1996), Spies (1998), Codes (2004) og Fanfare (2009).

Sidan 1997 har Kemp vore produsent for ceilidh-dansebandet Whapweasel.

Han var tidlegare gift med vokalisten i Steeleye Span, Maddy Prior, men dei er no skilde.[2] Han er òg far til musikaren Rose Kemp.

Kjelder endre

  1. King Crimson biography
  2. Rose Kemp interview, arkivert frå originalen 15. september 2008, henta 12. juni 2012