Tim Hart (9. januar 194824. desember 2009) var ein engelsk visesongar og multi-instrumentalist, mest kjend for å ha vore med å starte opp det britiske folkrockbandet Steeleye Span.

Tim Hart
Fødd9. januar 1948(1948-01-09)
FødestadLincoln i Lincolnshire i England
Død24. desember 2009 (61 år)
DødsstadLa GomeraKanariøyane
OpphavStorbritannia
Aktiv1966–88, 1995, 2008
SjangerBritisk folkrock
InstrumentAkustisk gitar, dulcimer, orgel, 5-strengs banjo, mandolin, perkusjon
Tilknytte artistarSteeleye Span
Verka somMusikar, songar, låtskrivar, fotograf

Biografi endre

Hart byrja å spele med Maddy Prior i 1966 på forskjellige viseklubbar i England. I 1968 og 1969 spelte duoen inn to album: Folk Songs of Olde England, Volum 1 og 2.

Frå 1970 til 1982 var Hart og Prior ryggrada i Steeleye Span. Her bidrog Hart med musikalsk dugleik på ei rekkje instrument, somme elektriske, som akustisk gitar, dulcimer, orgel, banjo, mandolin, bjøller, tabor og skei, i tillegg til at han song.[1] Hart song nesten berre på dei tradisjonelle songane bandet spelte inn. Steeleye Span nådde størst suksess i 1975. Dei turnerte i USA og Australia og brukte stadig oftare elektriske instrument. Det gjekk nedover med platesalet etter kvart og i 1978 annonserte dei ein farvellturné i Storbritannia. Dei kom derimot saman att i 1980-åra og bandet er framleis aktivt i dag.

Då bandet vart oppløyst nytta Hart høve til å gje ut eit soloalbum, Tim Hart, i 1979. I 1981 spelte Hart inn to album med barnesongar.

Helsa til Hart vart dårleg og i 1988 flytta han til La Gomera, ei lita øy i Kanariøyane. Han gav seg då med musikken og vart forfattar og fotograf. Han skreiv mellom anna e reisehandbok for La Gomera, La Gomera: A Guide to the Unspoiled Canary Island (2004) der han tok alle fotografia sjølv.

I desember 2008 fekk Hart diagnosen lungekreft og vende attende til England for å få medisinsk hjelp.[2] I desember 2009 reiste han heim att til La Gomera, der han døydde i heimen sin på julaftan, 61 år gammal.[3]

Diskografi endre

Tim Hart and Maddy Prior

  • Folk Songs of Olde England Vol. 1 (1968)
  • Folk Songs of Olde England Vol. 2 (1968)
  • Summer Solstice (1971)

Tim Hart

  • Tim Hart (1979) Chrysalis CHR 1218

Tim Hart and Friends

Bøker endre

  • Throbs (1978)
  • La Gomera: A Guide to the Unspoiled Canary Island (2004)

Kjelder endre

  1. Plateomslag for dei første seks platene med Steeleye Span.
  2. Photo by Oliver Weber Arkivert 9. juni 2009 ved Wayback Machine.
  3. Tim Hart, of folk group Steeleye Span, dies aged 61, BBC News
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. oktober 2020, henta 17. april 2019