Ricky Lancelotti
Ricky Lancelotti (25. august 1944–7. april 1980), òg kjend som Rick Lancelot, var ein songar som er mest kjend for arbeidet sitt med Frank Zappa i 1973.
Ricky Lancelotti | |||
Fødd | 25. august 1944 | ||
---|---|---|---|
Død | 7. april 1980 (35 år) | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar |
Under scenenamnet Rick Lancelot gav Lancelotti ut fleire singlar for RCA Records i 1965 og 1966, utan kommersiell suksess. Samstundes hadde han opptredenar på ABC-TV sin musikkserie Shindig som fast songar for programmet.
Lancelotti hadde òg ein kontrakt med Hanna Barbara og spelte inn vokal for showet The Banana Splits. Han var ein av fleire ukrediterte songarar på dette barne-tv-programmet, som gjekk frå 1968 til 1970. Vokalen hans er med på albumet We're the Banana Splits som vart gjeve ut av Decca Records i 1968.
Lancelotti song også med gruppa Sky Oats. Musikken deira var med i surfedokumentaren Pacific Vibrations frå 1970.[1]
Frank Zappa tok med Lancelotti på nokre få songar på Over-Nite Sensation (1973). Andre songar er sidan gjevne ut på The Lost Episodes og Läther.[2]
Han døydde den 7. april 1980.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ricky Lancelotti» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2014 og 18. desember 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ United Mutations - ricky lancelotti
- ↑ «Ricky Lancelotti - Zappa Wiki Jawaka», wiki.killuglyradio.com, henta 18. desember 2018
- ↑ «ricky lancelotti», www.united-mutations.com, henta 18. desember 2018