Opna hovudmenyen
Riddar frå 1300-talet. Henta frå Nordisk familjebok

Riddar (norrønt riddari frå lågtysk, eigentleg 'ryttar', av riden, 'ri') er ein adelstittel frå mellomalderen. I Magnus Lagabøter si hirdskrå frå 1270-talet vart dei to høgaste gradane i kongshirda, lendmann og skutilsvein, erstatta av dei felleseuropeiske titlane baron og riddar.

Ein riddar var opphavleg ein krigar som var underlagt ein adelsmann som igjen ofte var underlagt ein konge. Riddaren måtte ha god nok økonomi til å halde seg med våpen, rustning og hest. Riddaren måtte gjere krigsteneste for vasallherren sin. Omgrepet blir oftast nytta i europeisk tradisjon, men kan også nyttast om krigarar til hest med rustning i andre kulturar. Ein riddar kom frå ei god slekt med god økonomi. Riddarane sine våpen og skjold var eit viktig grunnlag for utviklinga av heraldikken på 1100-talet.

I litteraturen frå mellomalderen er det mange idealiserande og romantiske trekk knytt til riddaren. Ein riddar skulle vere moralsk, forsvare kvinner og andre svake grupper, vere høvisk og elegant.

Ein riddar kan og tyde eit ikkje-geistleg medlem av ein religiøs orden. Slike ridarar skulle kjempe for kristendomen mot heidningane.

I moderne tid blir tittelen ofte brukt om ein person som har fått ein fortenesteorden. I Noreg kan ein bli riddar av Sankt Olavs orden

Norske riddararEndra

  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.