Erling Vidkunsson
Erling Vidkunsson (1293–1355) var ein norsk riddar, (adelsmann av bjarkøyætta). Etter at den norske kongeætta (Hårfagreætta eller Sverreætta) døydde ut i 1319 var han den mektigaste mannen i Noreg og vart på hirdstemnet i 1323 drottsete så lenge Magnus Eriksson var mindreårig fram til 1332.
Erling Vidkunsson | |||
Fødd | 1292 | ||
---|---|---|---|
Død | 1355 Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Mor | Gyrid Andresdottir av Stodreim | ||
Far | Vidkun Erlingsson | ||
Barn | Ingeborg Erlingsdottir, Heiress of Giske and Bjarkoy |
Erling Vidkunsson var son av Vidkun Erlingsson og arva Bjarkøygodset frå onkelen sin, Bjarne Erlingsson. Han arva Stovrheim etter mora, og kjøpte seinare Giske. Med Erling Vidkunsson døydde bjarkøyætta ut på mannssida. Namnet (farsnamnet) vert òg stava Vidkunssøn.