Riedgletscher
Riedgletscher er ein dalbre i nordskråninga av Mischabel, eit fjellmassiv i Wallis-Alpane i kantonen Wallis i Sveits. Isbreen er 6,3 km lang, og i den øvre delen opptil 2 km brei. I 1973 hadde han eit areal på 8,22 km².
Riedgletscher | |||
isbre | |||
Den nedre delen, nedanfor Dürrenhorn
| |||
Område | Valais, Sveits | ||
---|---|---|---|
Lengd | 6 km | ||
Koordinatar | 46°7′51″N 7°51′28″E / 46.13083°N 7.85778°E | ||
Riedgletscher 46°07′51″N 7°51′28″E / 46.130833333333°N 7.8577777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Riedgletscher |
Riedgletscher har utgangspunktet sitt i 4 200 meters høgde på den snødekte nordsida av Nadelhorn. Over eit stup flyt breen nordover og breier seg ut, i ei høgde på kring 3 400-3 600 meter over havet, i eit vidt dalsøkk , avgrensa av Dürrenhorn i vest og Balfrin i aust. Vidare sig Riedgletscher mot nordnordvest i ein dal med Breithorn i vest og Färichhorn i aust. Bretunga smalnar fort inn og endar på rundt 2 100 m. Smeltevatnet frå breen renn ned i elva Riedbach, som munnar ut i elva Vispa ved Sankt Niklaus i dalen Mattertal.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Riedgletscher» frå Wikipedia på tysk, den 15. mars 2010.