Rienza
(Omdirigert frå Rienz)
Rienza (tysk Rienz) er ei elv i provinsen Bolzano nord i Italia. Ho har utspring i Dolomittane i ei høgd 2 180 meter over havet, sør for Toblach. Nær Toblach renn ho inn i Pustertal (Val Pusteria) og etter 90 km munnar ho ut i Isarco i byen Brixen i ei høgd på 550 meter over havet.
Rienza | |||
elv | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 90 km | ||
Kjelde | Dolomittane | ||
• høgd | 2 180 moh. | ||
Munning | Isarco | ||
• høgd | 550 moh. | ||
Rienza 46°38′03″N 12°17′55″E / 46.6341°N 12.2985°E | |||
Wikimedia Commons: Rienz |
Rienz renn gjennom kommunane Toblach, Niederdorf, Welsberg-Taisten, Olang, Bruneck, St. Lorenzen, Kiens, Vintl, Mühlbach, Rodeneck og Brixen.
Dei viktigaste sideelvane hennar er Aurino, som dannar Ahrntal og som utgjer 1/3 av den totale vassføringa hennar, Rio Gadera, Rio Anterselva, Rio Braies og Rio Fundres
Den største vassføringa til Rienz ligg på rundt 60 m³/s.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Rienz frå Engelsk Wikipedia .