Rijswijk
Rijswijk er ein by og ein kommune vest i Nederland i provinsen Zuid-Holland. Han er ein forstad til Haag med opp under 50 000 innbyggjarar.
Rijswijk | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land Provinsar |
Nederland Zuid-Holland | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
14.48 km² 14.05 km² 0.44 km² | ||
InnbyggjararCBS, Statline. - Totalt (2007) |
47 117 | ||
Koordinatar | 52°03′0″N 4°20′0″E / 52.05000°N 4.33333°E | ||
Diverse annan informasjon | |||
Nettstad: www.rijswijk.nl |
Kommunen Rijswijk omfattar òg landsbyane 't Haantje og Sion.
Freden i Ryswick vart signert i Huis ter Nieuwburg i 1697, og enda niårskrigen. Eit monument, Nåla i Rijswijk (1792), vart reist til minne om avtalen i Rijswijkskogen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rijswijk» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2012.