Provinsar i Nederland

Provinsar i Nederland er ei administrativ eining mellom det nasjonale styret og dei lokale kommunane, tilsvarande dei norske fylka. Styret av kvar provins består av tre delar. Provinciale Staten er det provinsielle parlamentet som vert vald for fire år. Av desse vert så medlemmer til Gedeputeerde Staten vald, ei samling som stort sett tar seg av styringsprogrammet. Leiaren er Commissaris van de Koningin eller kongeleg kommisjonær som vert peikt ut av krona.

Inndeling endre

Det moderne Nederland er delt inn i tolv provinsar (provinciesnederlandsk).

Dei tolv provinsane og hovudstadane i desse er:

Provins Hovudstad
Drenthe Assen
Flevoland Lelystad
Friesland (Fryslân) Leeuwarden
Gelderland Arnhem
Groningen Groningen
Limburg Maastricht
Noord-Brabant 's-Hertogenbosch (òg uoffisielt forkorta til Den Bosch)
Noord-Holland Haarlem
Overijssel Zwolle
Zuid-Holland Den Haag (òg kalla 's-Gravenhage)
Utrecht Utrecht
Zeeland Middelburg

Historisk bakgrunn endre

Nesten alle dei nederlandske provinsane kan sporast tilbake til ein mellomalderstat, som eit grevskap eller eit hertugdøme. Statusen deira endra seg då dei kom under ein herskar som sentraliserte administrasjonen av dei, og stundom vart dei separate statane henvist til provinsar, totalt var det 17 av dei. Av desse sameinte Nederlanda vart dei sju nordlege provinsane samla til Dei sameinte Nederlanda1600-talet.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre