Opna hovudmenyen

Riksbankdalar (bokmål: Riksbankdaler) var hovudmynt i Noreg frå 1813 til 1816. Det var meininga å prege riksbankdalar i sølv, men det makta ikkje riksbanken å gjere i denne perioden. I staden vart det trykt riksbanksetlar.

Risbankdalaren vart inndelt i 6 mark a 16 riksbankskilling. Riksbankdalaren fekk i 1813 ein verdi lik 6 riksdalar courant eller 1/2 riksdalar species. I 1816 vart han i Noreg avløyst av spesidalaren. I Danmark var riksbankdalaren hovudmynt til 1854.

Gammal kurant skiljemynt vart brukt parallelt med den nye mynteininga. Ein rekna da 60 gamle skilling på ein riksbankdalar.

Riksbankdalaren fall fort og kraftig i verdi. For å stoppe inflasjonen vedtok Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 å garantere at 375 riksbankdalar i setlar skulle innløysast i 100 riksdalar species. I 1816 måtte Stortinget gå frå denne eidsvollgarantien, og vedtok at 1000 riksbankdalar skulle tilsvare 100 spesidalar sølv. Parikursen vart med andre ord redusert til ein femdel på tre år, den reelle verdien var enda lågare.

Sjå òg:Endra

KjelderEndra