Riom
Riom (oksitansk Riam) er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Puy-de-Dôme i regionen Auvergne-Rhône-Alpes og har om lag 20 000 innbyggjarar.
Riom | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Auvergne-Rhône-Alpes Puy-de-Dôme |
Geografi | |
Flatevidd | 31,97 km² |
Flatevidd - By |
31,97 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
18 548 580/km² |
Koordinatar | 45°33′N 03°44′E / 45.550°N 3.733°E |
Høgd over havet | 337 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) |
Diverse anna | |
Postnummer | 63200 |
Heimeside: www.ville-riom.fr |
Historie
endreFram til den franske revolusjonen var Riom hovudstad i provinsen Auvergne og sete for hertugane av Auvergne. Byen har gallisk opphav og vart kalla Ricomagus av romarane. I det sterkt føydalistiske Auvergne på 900-talet voks byen opp rundt kyrkja St. Amable, ein lokal helgen som trekte til seg pilegrimar. På 1300-talet verna John, hertug av Berry byen og bygde hertugpalassaet og Saint-Chapelle. I 1531 kom Riom og Auvergne inn under den franske krona.
I 1942 var Riom åstad for Vichy-regimet sin mislykka krigsrett kalla Riom-prosessen.