Risøya i Risør

(Omdirigert frå Risøya i Søndeled)

58°43′34″N 09°15′51″E / 58.72611°N 9.26417°E / 58.72611; 9.26417

Risøya
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Risør kommune
Kart
Risøya i Risør
58°43′34″N 9°15′51″E / 58.726111111111°N 9.2641666666667°E / 58.726111111111; 9.2641666666667

Risøya er ei øy i Risør kommune. Øya ligg rett utanfor Risør. På øya ligg det hytter og ein gard utan gardsbygningar.

Namnet Risøya endre

Risøya har fått namnet sitt av ris (eldre hris) kratt, som dekkjer store delar av øya. Det er au denne øya som har gitt namn til Risør by.

Soga endre

Garden Risøya har frå gamal tid vore ein øydegard. Det kan tenkje seg at garden har gått ut frå Randvik gardane og at eigedomen au omfatta Lekerøya i Søndeled, som au har blitt kalla Vestre Risøya. Desse tvilling-øyane har saman med andre mindre øyar og holmar høyrt eigedomen til. Desse øyane har kanskje vore møtestad for Søndeledbønder og hollandske skipparar, for å kjøpe og selje tømmer og andre varer. Denne øygruppa blei kanskje kalla Risøyene, og lasteplassen for Østre Risøyene for å ikkje forveksle med Vestre Risøya i Dypvåg.

Bakgrunnsstoff endre

  • Søndeledboka bind 3. Søndeled gårdshistorie.