Opna hovudmenyen
Crystal Clear app kworldclock.png Framtidig hending: Denne artikkelen inneheld informasjon om ei framtidig hending. Han kan derfor bli endra når meir informasjon blir tilgjengeleg.

Agder er ein ny norsk fylkeskommune som oppstår frå 1. januar 2020 som følgje av samanslåinga av fylka Aust-Agder og Vest-Agder. Det vil vere det sørlegaste fylket i Noreg. Langs kysten strekkjer Agder seg frå Sira ved grensa til Rogaland fylke til Gjernestangen ved grensa til Telemark fylke.

Agder fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Adm.senter Kristiansand
Areal 16 434 km²
 - land 15 059 km²
 - vatn 1 375 km²
Folketal 303 754 (1. januar 2018)
Folketettleik 20 / km²
Fylkesnummer 42
Wikimedia Commons: Agder
Nettstad: www.agderfk.no

Administrasjonen i fylket er vedteken lagt til Kristiansand, medan fylkesmannen og fagadministrasjonane under fylkesmannsembetet vil ha sete i Arendal.[1]

LandsdelEndra

Før fylkessamanslåinga i 2020, har Agder vore rekna ein landsdel i Noreg som omfattar Aust-Agder fylke og Vest-Agder fylke, òg kalla Agderfylka. Etter kvart har nemninga Sørlandet vorte teke i bruk på denne landsdelen. Agder var eigentleg eit småkongedøme (Agðir) og seinare eit fylke (Egða fylki) under Gulatingslova.

Folket på Agder vert kalla egdene (aust-egdene og vest-egdene). Merk at ein seier «på Agder» og ikkje «i Agder».

Omgrepet Agder er historisk mest bruka om kystststripa, til skilnad frå innlandsområda Råbyggelag (med Setesdal).

Tidlegare vart området rekna som ein del av Vestlandet.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «Agder». Store norske leksikon. 7. november 2019. Henta 13. november 2019. 

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.