Dart-elva

(Omdirigert frå River Dart)

Dart eller River Dart er ei elv i Devon i England. Ho har utspring høgt på Dartmoor og renn 75 kilometer (47 mi) til havet ved Dartmouth.[1]

Dart-elva
elv
Land  England
Kart
Dart-elva
50°32′33″N 3°52′33″W / 50.5425°N 3.8757°W / 50.5425; -3.8757
Wikimedia Commons: River Dart
Clapper Bridge ved Postbridge.

Elva byrjar som to ulike greiner, East Dart og West Dart, som renn saman ved Dartmeet. Det går fleire enkle hellebruer, clapper bridges, over elva, mellom anna ved Postbridge.

Etter Dartmoor renn elva sørover fordi Buckfast Abbey og gjennom byane Buckfastleigh, Dartington og Totnes. Etter Totnes blir elva påverka av tidvatnet, og det finst ingen bruer nedstrøms for byen.

Det går ei passasjerferje over elva frå landsbyen Dittisham til eit punkt på andre sida ved Greenway Estate. Denne staden var tidlegare heimen til krimforfattaren Agatha Christie, og har utsyn over elva. Han er no eigd av National Trust, og er open for publikum.[2]

Mellom landsbyen Kingswear på austsida av elveestuaret og byen Dartmouth i vest går det to bilferjer og ei passasjerferje.

Der elva renn ut i sjøen er det stein og klipper på begge sider. På austsida ligg Kingswear Castle nær vatnet, og på vestsida er Dartmouth Castle bygt på eit nes. Borgene hadde tidlegare ei forsvarslenkje over estuaret som dei heva ved solnedgang for å hindra fiendeskip i å koma inn i hamna i Dartmouth.

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. «Devon;Nature Features: River Dart Ramble». BBC. Henta 23. januar 2021. 
  2. «Dittisham Departures». Greenway Ferry Service. Arkivert frå originalen 15. mai 2008. Henta 24. september 2008.