Roald Edgar Aas (fødd 25. mars 1928 i Oslo, død 18. februar 2012) var ein norsk skøyteløpar.[1]

Roald Aas

Roald Aas i 1952
Foto: Leif Ørnelund / Oslo Museum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. mars 1928
Oslo
Død

18. februar 2012 (83 år)
Oslo

Yrke skøyteløpar, sykkelryttar
Roald Aas på Commons

Roald Aas var gjennom det meste av 1950-talet ein god nummer to i norsk skeisesport - etter Hjalmar Andersen og Knut Johannesen. Han tok ein NM-tittel i 1956; ellers vart han nr. 2 heile sju gonger. Han gjekk for Oslo Idrettslag fram til 1956, då meldte han seg inn i Oslo Skøiteklub.

Han stilte for Noreg i samtlege europa- og verdsmeisterskap mellom 1951 og 1960, og var nesten alltid blant dei ti beste. Han fekk bronsemedalje i eit VM (1958) og to EM (1957 og 1960). Han deltok i tre OL. I Oslo i 1952 tok han bronse på 1500 m, men i OL i Cortina d'Ampezzo vart det ingen topplassering. I Squaw Valley i 1960 gjekk han heilt til topps, og delte gullmedaljen med Jevgenij Grisjin på 1500 m.

Roald Aas var dessutan også ein dyktig syklist, og vann noregsmeisterskap i lagtempo, landevegsritt og 4000 meter banesykling. Etter at han avslutta skøytekarrieren vart han klubbtrenar for Oslo Skøiteklub.

I 1956 vart Roald Aas tildelt Egebergs Ærespris.

Personlege rekordar endre

  • 500 m - 42,3
  • 1000 m - 1.27,4
  • 1500 m - 2.10,4
  • 3000 m - 4.41,7
  • 5000 m - 8.01,6
  • 10 000 m - 17.08,2

Referansar endre

  1. «Skøyteløperen Roald Aas er død». nrk.no. Henta 18. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff endre