Rob Kardashian

amerikansk skodespelar

Robert George Kardashian II, kjend som Rob Kardashian (fødd 17. mars 1987 i Los Angeles) er ein amerikansk modell og manager. Han har mellom anna delteke i reality-serien Keeping Up with the Kardashians.

Rob Kardashian
Statsborgarskap USA
Fødd 17. mars 1987 (37 år)
Los Angeles
Yrke fjernsynsskodespelar, sosietetsperson, modell, forretningsdrivande
Språk engelsk
Høgd 185 centimeter
Far Robert Kardashian
Mor Kris Jenner
Partnar Blac Chyna, Adrienne Bailon, Rita Ora, Kara Monaco, Lisa Ann

Kardashian[1] blei fødd 17. mars 1987[2] i Los Angeles i California som son av advokaten Robert Kardashian og kona hans Kris. Han har tre eldre systrer - Kourtney, Kim og Khloé. Foreldra skilde seg i 1991, og mora gifta seg med idrettsutøvaren Bruce Jenner[a] same året.

Rob Karadashian gjekk ut frå Marshall School of Business ved University of Southern California i 2009.[4][5]

Han blei saman med modellen Blac Chyna i januar 2016.[6] Paret melde at dei var trulova i april 2016.[7] Dei fekk ei dotter, Dream Renée Kardashian, 10. november 2016.[8]

Merknadar

endre
  1. Bruce Jenner endra namn til Caitlyn under eit kjønnsskifte i 2015.[3]

Kjelder

endre
  1. Jones, Jenny (October 26, 2012). «Rob Kardashian Talks Socks, Ralph Lauren And Stepping Away From The Kardashian Brand». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen November 6, 2013. Henta August 18, 2013. 
  2. «Rob Kardashian Biography». Us Weekly. Henta May 26, 2014. 
  3. Buzz Bissinger (June 1, 2015). «Introducing Caitlyn Jenner». Vanity Fair. Henta June 1, 2015. 
  4. Braswell, Molly C. (8. august 2012). «Robert Kardashian Headed to Law School». Us Weekly. Arkivert frå originalen 10. juni 2015. Henta 9. mai 2015. 
  5. «Rob’s USC Graduation… A Proud Day for the Family». Kim Kardashian's official blog. May 16, 2009. Arkivert frå originalen June 11, 2015. Henta 9. mai 2015. 
  6. Karen Mizoguchi (February 24, 2016). «Rob Kardashian Jokes About Dropping His Family and Becoming an 'Orphan' in NSFW Instagram Post». People. Henta February 24, 2016. 
  7. Zach Johnson (April 5, 2016). «Rob Kardashian and Blac Chyna are engaged». E! News. Henta April 5, 2016. 
  8. Vivinetto, Gina, Rob Kardashian and Blac Chyna welcome baby daughter, Dream, Today.com, November 10, 2016. Retrieved November 10, 2016.