Robbie Montgomery

Robbie Montgomery (fødd 16. juni 1940) er ein USA-amerikansk soulsongar og restauranteigar. Ho er kjend som ein av dei originale medlemmane i Ikettes i Ike & Tina Turner Revue i 1960-åra. Etter perioden hennar som ein Ikette, vart ho medlem av The Mirettes, og så vart ho ein «Night Tripper» for Dr. John. I 1970-åra var Montgomery korvokalist for artistar som Stevie Wonder, Barbra Streisand, The Rolling Stones og Joe Cocker.[1] Ho skapte seinare Sweetie Pie's-kjeden og hadde sin eigen røyndomsserie kalla Welcome to Sweetie Pie's.[2]

Robbie Montgomery
Fødd16. juni 1940 (84 år)
FødestadColumbus i Mississippi i USA
FødenamnRobbie Marie Montgomery
AliasMiss Robbie
OpphavSt. Louis i Missouri
SjangerR&B
Instrumentvokal
Tilknytte artistarIke & Tina Turner, The Ikettes, The Mirettes, Dr. John
PlateselskapTeena Records, Modern Records, Mirwood Records, Uni Records
Verka somSongar, restauranteigar

Diskografi

endre

Singlar

endre
  • 1963: «Crazy In Love» / «Pee Wee» (Teena 1701)

Album

endre
  • 2018: Miss Robbie's What They Call Me

Som Ikette/Mirette

endre

Som korvokalist

endre

Bøker

endre
  • Sweetie Pie's Cookbook: Soulful Southern Recipes, from My Family to Yours (2015)

Kjelder

endre
  1. Taylor, Betsy (22. august 2007). «Soul food chef Robbie Montgomery known for more than her cooking». The Metro West Daily News. 
  2. Kasten, Roy (10. oktober 2018). «Ms. Robbie Montgomery Just Released Her First New Music in 40 Years». Riverfront Times (på engelsk).