Bryan Ferry (fødd 26. september 1945) er ein engelsk songar, musikar og låtskrivar. Ferry vart kjend tidleg i 1970-åra som frontmann, vokalist og låtskrivar i bandet Roxy Music, og har hatt ein særs suksessrik solokarriere med tre album på toppen av albumlista i Storbritannia og ti singlar på Topp 40. Ferry byrja solokarrieren sin alt i 1973, medan han framleis var medlem i Roxy Music.

Bryan Ferry

Bryan Ferry (2011)
Fødd26. september 1945
FødestadWashington i County Durham i England
OpphavStorbritannia
Aktiv1971 til i dag
SjangerPoprock, glamrock, kunstrock, New Wave, New Romanticism
Instrumentvokal, keyboard, munnspel, gitar
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarRoxy Music, Chester Kamen
PlateselskapUK: Island, E.G., Polydor,, Virgin, EMI (US), Reprise, Warner Bros. Records, Atco, Atlantic
Verka somLåtskrivar, musikar
FarFred Ferry
Gift medLucy Ferry, Lucy Ferry
BornIsaac Ferry, Tara Ferry, Merlin Ferry, Otis Ferry
Prisarkommandør i den britiske imperieorden

Biografi endre

Før Roxy Music (før 1971) endre

Ferry vart fødd i ein arbeidarklassefamilien[1] Ferry gjekk på Washington Grammar-Technical School (i dag Washington School) på Spout Lane frå 1957 og fekk ni O level, før han studerte kunst ved University of Newcastle upon Tyne under Richard Hamilton.[2] Av medstudentane hans finn ein Tim Head[3] og Nick de Ville.[4] Han vart keramikklærar ved Holland Park school i London.[5] Ferry danna bandet The Banshees og seinare, i lag med Graham Simpson, bandet The Gas Board.[6]

Roxy Music og soloåra (1971–1983) endre

For meir om dette emnet, sjå Roxy Music.

Ferry danna Roxy Music med nokre vener og kjende, først med Graham Simpson, i november 1970. Besetninga vart utvida med saksofonisten/oboisten Andy Mackay og venen hans Brian Eno, som eigde ein lydbandopptakar og spelte på Mackay sin synthesiser. Andre tidlege medlemmar var trommeslagaren Dexter Lloyd og tidlegare Nice-gitarist David O'List, som vart erstatta av Paul Thompson og Phil Manzanera før bandet vart spelte inn det første albumet sitt.[7]

Den første hitten til Roxy Music, «Virginia Plain», nådde akkurat ikkje toppen av lista og vart etterfølgd av fleire hitsinglar og album, med Ferry som vokalist. Han spelte òg stundom piano og synthesiser.

I mange år samarbeidde Ferry med motedesignaren Antony Price for klede og image. Price er kjend for butikken sin i Kings Road i London. Han lagde dressar, som vart respekterte verda over for elegansen sin og vart kjend då kjendisar og rockestjerner byrja å gå i kleda hans.[8] Nicky Haslam sa om Ferry at det var meir truleg at han pussa opp eit hotellrom enn å øydeleggje det.[9]

Etter det andre albumet forlet Eno Roxy Music, og Ferry vart den soleklåre frontmannen i bandet. Ferry hadde alt starta ein parallell solokarriere i 1973, først med coverversjonar av gamle standardlåtar på albumaThese Foolish Things (1973) og Another Time, Another Place (1974), som begge nådde Topp 5 i Storbritannia. Etter turnear etter Siren, tok Roxy Music ein mellombels pause i 1976, sjølv om Paul Thompson, Phil Manzanera og Eddie Jobson alle spelte på soloalbuma til Ferry som følgde. I 1976 spelte Ferry inn Beatles-songen «She's Leaving Home» for musikkdokumentaren All This and World War II. Han gav så ut tre soloalbum i denne perioden, Let's Stick Together (1976), In Your Mind (1977) og The Bride Stripped Bare (1978), men på denne tida byrja karrieren hans å falle.

Roxy Music vart starta opp att i 1979, med Ferry, Manzanera, Thompson og Mackay (Jobson var ikkje lenger medlem). Bandet spelte inn albuma Manifesto (1979), Flesh + Blood (1980) og Avalon (1982), dei to sistnemnde nådde begge toppen av den britiske albumlista.[10] Bandet fekk òg den einaste singelen sin på toppen av lista med «Jealous Guy» 1981, ei hyllest til John Lennon, som vart myrda nokre månader tidlegare. Det var den einaste av singlane til bandet som ikkje var skriven av Ferry.

Etter ein lengre turne etter Avalon i 1982, valde Ferry å legge ned Roxy Music og fortsetje som soloartist.

Etter Roxy Music (1985–2001) endre

Ferry heldt fram å spele inn musikk og gav ut det sjette soloalbumet sitt, Boys and Girls, i 1985. Albumet nådde toppen i Storbritannia, det første og einaste soloalbumet hans som klarte dette, og det vart òg det bestseljande albumet hans i USA.

I juli 1985 spelte Ferry på Live Aid i London, med David Gilmour på gitar.[11] Han fekk ein del tekniske problem undervegs, trommeslagaren brekte trommestikka og gitaren til Gilmour virka ikkje, så han måtte byte.[12]

Etter Avalon-turneen, var Ferry heller motvillig til å turnere. Managementet hans klarte derimot å overtale han til å turnere i 1988 etter albumet Bête Noire kom ut året før. Etter denne turneen slo Ferry seg saman med Brian Eno igjen for Mamouna (eit samarbeid med Robin Trower på gitar og som produsent). Album tok meir enn fem år å få ferdig og hadde arbeidstittelen Horoscope. Under produksjonen spelte Ferry samstundes inn og gav ut eit coveralbum, Taxi i 1993, som både selde betre og fekk betre kritikk enn Mamouna då det endeleg kom ut i 1994. I 1996 spelte Ferry songen «Dance With Life» for filmen Phenomenon, som vart skriven av Bernie Taupin og Martin Page. I 1999 spelte Ferry i lag med Alan Partridge (spelt av Steve Coogan) på BBC sitt Comic Relief.

Etter ein pause frå musikken, kom Ferry attende i 1999. Han byrja å blande songar frå 1930-åra med sine eigne, og fleire songar frå Roxy Music-tida. Desse samla han på albumet As Time Goes By, som vart nominert til Grammyprisen.[13]

Roxy Music-gjenforeining (2001 til i dag) endre

Ferry, Manzanera, Mackay og Thompson tok opp att Roxy Music i 2001 og turnerte mykje dei neste åra, sjølv om bandet ikkje gav ut nytt materiale. I 2002 gav Ferry ut det neste studioalbumet sitt, Frantic, med hjelp av Manzanera og Thompson, samt Brian Eno. Albumet vart ei blanding av nye songar og coverversjonar, noko Ferry ikkje hadde gjort sidan The Bride Stripped Bare i 1978.

I 2003 underheldt Ferry for Miss World-konkurransen, eit show sendt til 2 milliardar potensielle sjåarar over heile verda.[14] I 2004 spelte Ferry i kortfilmen The Porter. I 2005 vart det stadfesta[15] at Roxy Music (Ferry, Eno, Mackay, Manzanera og Thompson) igjen skulle spele på Isle Of Wight-festilvane dette året, samt spele inn eit nytt album med ein ny turne.[16] Brian Eno stadfesta[17] at han arbeidde i studio med Roxy Music igjen og hadde skrive songar for det nye albumet. Ferry nekta seinare for at det var eit nytt Roxy Music-album på gang og at songane mest truleg ville bli ein del av det neste soloalbumet hans,[18] og at han ikkje trudde det ville kome noko nytt Roxy Music-album.[19]

I oktober 2006 var Bryan Ferry modell for kleskjeda Autograph for Marks and Spencer. I 2007 gav Ferry ut albumet Dylanesque, eit hyllestalbum til Bob Dylan. Albumet nådde Topp 10 i Storbritannia og Ferry la ut på turne.

7. oktober 2008 fekk Ferry prisen som eit BMI-ikon på den årlege BMI London Awards. Tidlegare vinnarar var Peter Gabriel, Ray Davies, Steve Winwood, Van Morrison, blant andre.[20]

I 2009 song Ferry på DJ Hell-plata U Can Dance. Ein ny versjon av songen vart spelt inn for studioalbumet til Ferry, Olympia, som kom ut i oktober 2010. Albumet bestod av songar spelt inn med dei tidlegare Roxy Music-medlemmane, samt eit imponerande knippe musikarar som Nile Rodgers, David A. Stewart, Scissor Sisters, Groove Armada, Michael «Flea» Balzary, Johnny Greenwood og David Gilmour og og med modellen Kate Moss på plateomslaget. Albumet fekk glimrande kritikk og nådde Topp 20 i Storbritannia og gjekk inn på lista i USA:

Privatliv endre

Fleire av kjærastane til Ferry har vorte avbileta på omslaga til Roxy Music-albuma. Songaren og modellen Amanda Lear var på framsida av For Your Pleasure album. She later went on to date David Bowie.[21]

Ferry var så i eit forhold med modellen Jerry Hall. Hall var med i fleire av musikkvideoane til Ferry, som «Let's Stick Together» og «The Price of Love». Ferry møtte først Hall under fotograferinga av omslaget for Roxy Music-albumet Siren i Wales sommaren 1975. Dei budde ein periode i lag i London, fram til ho forlet han for Mick Jagger seint i 1977.

Ferry slo seg etter kvart til ro og gifta seg med Lucy Helmore, som han har fire søner med.

Diskografi endre

Kjelder endre

  1. «Bryan Ferry's solo work». www.vivaroxymusic.com. Henta 9. april 2011. 
  2. «Richard Hamilton Biographical chronology». www.infoloop.org. Arkivert frå originalen 1. juli 2007. Henta 9. april 2011. 
  3. Hodgkinson, Will (18 mars 2007). «Soundtrack of my life: Bryan Ferry». London: The Observer. Henta 9. april 2011. 
  4. «The best of both worlds?». Interview (Arena Magazine). september 1994. Arkivert frå originalen 26. juni 2007. Henta 9. april 2011. 
  5. «Bryan Ferry». vivaroxymusic.com. Arkivert frå originalen 7. juni 2007. Henta 9. april 2011. 
  6. «Look Back In Languor». The Guardian. 14 juni 1997. Arkivert frå originalen 25. juni 2007. Henta 9. april 2011. 
  7. «Getting Roxy Music in with 'The 'In' Crowd' - An Interview With Davy O'List». VivaRoxyMusic.com. 25 april 2004. Arkivert frå originalen 15. mai 2007. Henta 9. april 2011. 
  8. «Peter Yorke on Antony Price». The independent magazine. Henta 9. april 2011. 
  9. Nigel Farndale (11 april 2008). «Bryan Ferry: 'I don't want to be controversial'». Daily Telegraph (London). Henta 9. april 2011. 
  10. «Bryan Ferry & Roxy Music UK chart statistics». www.roxyrama.com. Arkivert frå originalen 8. juni 2009. Henta 9. april 2011. 
  11. «Live Aid (13 July 1985): Bryan Ferry». MTV. januar 2002. Henta 9. april 2011. 
  12. Wilkinson, Carl (17 oktober 2004). «Live aid in their own words». London: The Observer. Henta 9. april 2011. 
  13. «Diversity marks Grammy nominations». CNN. 3 januar 2001. Henta 9. april 2011. 
  14. «Irish Eyes Are Smiling». Sky News. 2 desember 2003. Henta 9. april 2011. 
  15. «Roxy Music To Play At The Isle Of Wight Festival». 17 mars 2005. Henta 9. april 2011. 
  16. «Roxy back in the studio». Phil Manzarena. 30 juni 2005. Arkivert frå originalen 17. mars 2007. Henta 17 april 2007. 
  17. «Working with someone is like dating». London: Guardian. 19 mai 2006. Henta 9. april 2011. 
  18. Sanghera, Sathnam (28 november 2009). «Bryan Ferry I lead quite a sheltered life». The Times (London). Henta 9. april 2011. 
  19. Thrills, Adrian (26 november 2009). «'People think I wake up in the morning and put on a tuxedo': Bryan Ferry reveals the truth about his life and career». Daily Mail (London). 
  20. «Bryan Ferry Receives Icon Honours at BMI London Awards». bmi.com. Henta 9. april 2011. 
  21. «Amanda Lear Biography». eurodancehits.com. 1998. Arkivert frå originalen 11. juni 2009. Henta 15 juni 2007. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Bryan Ferry