Robert Bosch
Robert Bosch (23. september 1861–12. mars 1942) var ein tysk industrimann og velgjerar.
Robert Bosch | |||
| |||
Fødd | 23. september 1861 Albeck | ||
---|---|---|---|
Død | 12. mars 1942 Stuttgart | ||
Nasjonalitet | Kongeriket Württemberg | ||
Område | bilindustri | ||
Yrke | gründer, oppfinnar, handverkar, ingeniør, industrieigar, fabricator | ||
Ektefelle | Anna Bosch | ||
Barn | Paula Zundel, Margarete Fischer-Bosch, Robert Bosch jun., Eva Madelung, Robert Bosch | ||
Medlem | Akademischer Verein Hütte Stuttgart |
Bosch vart fødd i Albeck ved Ulm som det ellevte barnet til Servatius og Margarete Bosch, og kom frå ein velståande bondefamilie.
Bosch grunnla selskapet Robert Bosch GmbH, som er ein av dei største produsentane i verda av elektriske verktøy, hushaldsprodukt, bildelar og anna.
Han brukte store summar på gode føremål, og støtta mellom anna Technische Hochschule Stuttgart (den tekniske høgskulen i Stuttgart). I 1940 opna han sjukehuset Robert-Bosch-Krankenhaus i Stuttgart. Robert Bosch engasjerte seg òg for forsoning med den tidlegare motstandaren Frankrike etter første verdskrigen. Han døydde 12. mars 1942 i Stuttgart.
Litteratur
endre- Heuss, Theodor: Robert Bosch : Leben und Leistung. - Stuttgart : DVA, 2002. - ISBN 3-421-05630-7
- Knellessen, Wolfgang: Robert Bosch 1861-1942. - Stuttgart : Robert-Bosch-Haus, 1986, OCLC 165856932
- Müller, Rainer: Das Robert-Bosch-Haus. - Stuttgart : DVA, 1988. - ISBN 3-421-02939-3