Ein handverkar er ein som har spesialisert seg innan eit handverk og har det som yrke. Før den industrielle revolusjonen var handverkarar dei som produserte dei fleste brukstinga. I dag er gjenstandar tilverka av handverkarar meir uvanlege, og ofte sett på som litt finare enn masseproduserte ting.

Handverkar frå Kamerun.

HandverkarlaugEndra

I mellomalderen var europeiske handverkarar vanlegvis organiserte i laug. Lauget samla meisterhandverkarar som hadde fridomsbrev, og kontrollerte alle sidene ved tillaginga og fordelinga for å sikra kvalitet og hindra konkurranse frå ytre marknader. Saman med kjøpmennene utgjorde handverkarane det midterste laget i det sosiale hierarkiet, imellom de landeigande aristokratane og landarbeidarane.

For å bli ein handverkar i lauget blei ein person sett under ein meisterhandverkar som ubetalt lærling i ung alder. Viss lærlingen fullførte læretida blei han så ein betalt svein. For å seinare sjølv kunna bli ein meisterhandverkar måtte sveinen laga eit «meisterstykke» som målte seg med standarden i lauget.

Handverkarar i dagEndra

For å bli ein handverkar i dag er det vanleg å følgja ei liknande rute som i mellomalderen. Ein lærer først grunnleggjande teknikkar på ein skule og arbeider deretter som lærling i ei verksemd som driv i faget. Etter fullendt læretid kan lærlingen får eit sveinebrev og seinare eit meisterbrev. Mange tradisjonelle yrkesfag står i fare for å døy ut, på grunn av liten søknad til desse studieretningane [1].

ReferansarEndra

  1. Hotvedt, S.K., Yrkesfagene nesten ingen unge vil ha, nrk.no, 19/6-2016.