Robert FitzRoy (5. juli 180530. april 1865) var ein britisk admiral, hydrograf og meteorolog.

Robert FitzRoy

Fødd5. juli 1805
Bury St. Edmunds
Død30. april 1865
London
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdegeografi
Yrkeoppdagar, politikar, meteorolog, marineoffiser
EktefelleMary Henrietta O’Brien, Maria Isabella Smyth
BarnRobert O’Brien FitzRoy, Laura Maria Elizabeth Fitzroy
MedlemRoyal Society
Travellers Club

FitzRoy førte skipet «Beagle», som Charles Darwin vitja Sør-Amerika med i 1833. I 1862 organiserte FitzRoy den første stormvarslingstenesta for Storbritannia basert på telegrafiske vêrmeldingar, og han gav ut fleire bøker om praktisk meteorologi. FitzRoy var klar over at utviklinga av vêret på våre breiddegrader i stor grad vert avgjort av den vekslande påverknaden av luft frå tropiske og frå polare strøk, og forklarte dei vandrande lågtrykka som virvlar danna langs grensa mellom kalde og varme luftstraumar. Han hadde òg ei førestilling om at desse strukturen til desse lågtrykka låg nær opp til den som Bergensskulen kom fram til 60 år seinare.

Han tente òg som generalguvernør på New Zealand frå 1843 til 1845.

Kjelder endre