Robert Whitehead

britisk ingeniør og oppfinnar

Robert Whitehead (3. januar 182314. november 1905) var ein engelsk ingeniør som er best kjend for å ha utvikla den første effektive sjølvdrivande torpedoen i 1866.

Robert Whitehead
Robert Whitehead.jpg
Fødd3. januar 1823
Bolton
Død14. november 1905
Shrivenham
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Yrkeoppfinnar, ingeniør
BarnJohn Whitehead, Robert Bovill Whitehead, Alice Whitehead, James Beethom Whitehead
Robert Whitehead med ein av testtorpedoane sine i Fiume i 1875.

BakgrunnEndra

Robert Whitehead var fødd i Bolton i England som son av James Whitehead, ein bomullsbleikar, og kona hans Ellen Whitehead, fødd Swift.[1][2][3] Han utdanna seg til ingeniør og teknisk teiknar, og var elev ved Mechanics Institute i Manchester.

KarriereEndra

Whitehead blei først tilsett ved Philip Taylor & Sons sitt skipsverft i Toulon i Frankrike.[4] Seinare verka han i Milano i Italia og kystbyen Trieste, som då var ein del av Austerrike.

Han blei så tilsett ved Fonderia Metalli i Fiume (dagens Rijeka i Kroatia) i nærleiken. I 1856 blei han dagleg leiar av selskapet, og endra namnet på det til Stabilimento Tecnico di Fiume (STF). STF produserte marine dampkjeler og motorar som var nokre av dei mest moderne produkta i samtida. Den austerrikske marinen var ein av kundane.

 
Whitehead sin torpedo- og skipsfabrikk i Fiume i 1910

Tidleg på 1860-talet møtte Whitehead ingeniøren Giovanni Luppis, som nyleg hadde pensjonert seg frå den austerrikske marinen og busett seg i Trieste. Luppis hadde laga den første prototypen på ein sjølvgåande torpedo i 1860, den såkalla 'kystfrelsaren' (Salvacoste). Innretninga til Luppis var eit overflatefartøy drive av komprimert luft, og kontrollert av reip frå land. Whitehead og Luppis inngjekk eit samarbeid for å vidareutvikla torpedo til eit effektivt våpen.

Whitehead gjorde sine første torpedoforsøk ved hjelp av den tolvårige sonen sin, John, og ein arbeidar, Annibale Ploech. Dei forkasta ideen til Luppis om kontroll frå land og gjekk i staden inn for eit våpen sendt frå eit skip i ei rett linje mot målet. Resultatet var den første sjølvgåande torpedoen, kalla Minenschiff. Han blei presentert for den keisarlege austerrikske marinekommisjonen den 21. desember 1866. Kommisjonen var imponert, og den austerrikske kanonbåten «Gemse» blei ombygd for å kunna skyta ut torpedoar. Det blei utført over femti utskytingsforsøk i bukta utanfor Fiume.

I 1870 hadde Whitehead klart å auka farten på torpedoen til 7 knot (13 km/h), og han kunne treff mål som var 700 yard (640 m) unna.

Dei viktigaste funksjonane Whitehead gav torpedoane sine, var evna til å halde ein rett, stø kurs, og å halda seg til ei djupne som var innstilt på førehand. Djupna blei styrt av ein hydrostatisk pendel, ei slags balansevekt styrt av trykk utanfor torpedoen. Kursen blei halden rett av eit gyroskop, som var blitt funne opp berre få år tidlegare.

Fabrikken Whitehead styrte gjekk derimot konkurs, og Whitehead oppretta i staden Torpedo- Fabrik von Robert Whitehead i 1875. Whiteheadtorpedoane var lenge dei einaste på marknaden.

Dei fleste større marinar viste interesse for oppfinninga. Noreg bestilte sine første torpedoar, i samarbeid med den svenske marinen, i 1875. Verdas første torpedobåt, altså den første båten konstruert med føremålet å føra torpedoar, var den norske torpedobåten «Rap».

Ved invasjonen av Noreg 9. april 1940 blei «Blücher» senka av gamle whiteheadtorpedoar frå Oscarsborg. På den tida var dei håplaust utdaterte, men fungerte likevel for føremålet.

KjelderEndra

  1. [1] 1861 England Census: Family of James and Ellen Whitehead. Henta mars 2017
  2. [2] England Marriages: James Whitehead and Ellen Swift. Henta mars 2017
  3. [3] England, Births and Christenings, 1538-1975. Henta mars 2017
  4. Brown, David K. «Whitehead, Robert». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/ref:odnb/36868.