Trieste (slovensk, serbisk og kroatisk Trst; tysk Triest) er ein hamneby i Italia. Han er hovudstad i provinsen Trieste i regionen Friuli-Venezia Giulia og har om lag 210 000 innbyggjarar. Byen ligg inst i Triestebukta ved Adriahavet.

Trieste
Horisonten til Trieste
Horisonten til Trieste
Plassering
Trieste is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Friuli-Venezia Giulia
Trieste
Geografi
Flatevidd
 - By

84 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

207 069
  2480/km²
Koordinatar 45°38′″N 13°48′″EKoordinatar: 45°38′″N 13°48′″E
Høgd over havet 2 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 34100
Telefon-retningsnummer 0 40
Nettstad: www.comune.trieste.it

Trieste voks fram som ein del av Austerrike frå 1382 (Austerrike-Ungarn frå 1867) til 1918 og var av dei mest velståande hamnebyane i Middelhavet og eit stort senter for litteratur og musikk. Etter Austerrike-Ungarn kollapsa og Trieste vart ein del av Italia etter den første verdskrigen vart han mindre viktig både økonomisk og kulturelt.

I dag er Trieste ein grenseby. Folkesetnaden er ei etnisk blanding frå dei omliggande områda. Den dominerande lokale venetianske dialekten i Trieste vert kalla triestinsk (italiensk Triestino). Denne dialekten og det offisielle italienske språket vert tala i senter av byen, medan slovensk vert tala i forstadane. Det venetianske og slovenske språket vert rekna som det innfødde språket i området. Det finst òg små grupper med tysk- og ungarsktalande folk.

Økonomien til byen er avhengig av hamna og handel med dei omliggande områda. Gjennom den kalde krigen var Trieste perifer, men har etter kvart byrja å byggje opp at noko av den tidlegare rolla han hadde som senter i området.

Historie endre

 
Austerriks kart over Trieste frå 1888.

Eldre historie endre

Området som no er Trieste vart busett av karnarar, ei indoeuropeisk stamme (derfor namnet Carso sidan 2000-talet fvt.). Området vart så busett av histrarar, eit illyrisk folk som var den viktigaste sivilisasjonen her fram til 2000 fvt, då paleo-venetarar kom hit.

I 177 fvt. kom byen inn under Den romerske republikken. Trieste fekk status som koloni under Julius Cæsar, som skreiv namnet som Tergeste i verket hans Commentarii de bello Gallico (51 fvt.). Etter fallet til Vestromarriket i 476 vart Trieste eit militærsenter for Austromarriket. I 788 vart det ein del av Frankarriket, styrt av ein grevbiskop. Frå 1081 kom byen halvvegs under Aquileia sitt patriarki og utvikla seg til ein fri kommune mot slutten av 1100-talet.

Austerrike endre

Etter to hundre år med krig mot den nærliggande stormakta, Republikken Venezia (som okkuperte byen frå 1369 til 1372) søkte borgarane av Trieste støtte hos Leopold III von Habsburg, hertug av Austerrike med ønske om å verte ein del av riket hans. Avtalen vart signert i oktober 1382 ved Bartolomeuskyrkja i landsbyen Šiška (apud Sisciam), som i dag er ein av bydelane i Ljubljana i Slovenia. Innbyggjarane fekk likevel eit visst sjølvstyre fram til slutten av 1600-talet.

Trieste voks fram som ei viktig hamn og eit handelssentrum. Han fekk status som ei frihamn av keisar Karl VI frå 1719 til 1. juli 1891. Regjeringstida til etterfølgjaren hans, Maria Theresa av Austerrike, markerte byrjinga på ein særleg velståande periode for Trieste.

Byen vart okkupert av franske troppar tre gonger under napoleonskrigane, i 1797, 1805 og 1809. Siste gong vart han annektert til Dei illyriske provinsane av Napoleon. I denne perioden mista Trieste sjølvstyret sitt (sjølv etter han kom tilbake til Det austerrikske riket i 1813) og statusen som frihamn fekk eit opphald.

Etter napleonskrigane heldt Trieste fram med å bløme som ein fri keisarby og vart hovudstad i det såkalla austerrikske Küstenland.

Byen si rolle som den viktigaste austerrikske hamna og eit senter for skipsbygging vart seinare forsterka då Austerriksk Lloyd skipa handelsrederi i 1836 med hovudkvarter i byen. I 1913 hadde reiarlaget ein flåte på 62 skip på totalt 236 000 tonn.[1]

Den moderne austerriksk-ungarske marinen nytta òg skipsverftet i Trieste og byen som marinebase. Då den første store jernbanelinja i riket, mellom Wien og Trieste, stod ferdig i 1857 og auka handelen i byen og tilførte mykje kol.

På byrjinga av 1900-talet var Trieste ein travel verdsby som ofte vart vitja av kunstnarar og forfattarar som James Joyce, Italo Svevo og Umberto Saba. Byen vart ein del av den såkalla austerrikske rivieraen og ein svært sentral del av Mitteleuropa. Den særeigne friuliske dialekten kalla Tergestino vart nytta fram til byrjinga av 1800-talet og har etter dette gradvis vorte erstatta av triestinsk (ein venetiansk dialekt) og andre språk, inkludert italiensk, tysk og slovensk. Medan triestinsk vart nytta av store delar av innbyggjarane, var tysk språket til dei austerrikske byråkratane og slovensk språket til dei omliggande landsbyane. Wienerarkitektur og kaféar dominerer framleis gatebiletet i Trieste i dag.

Annektering til Italia endre

I lag med Trento var Trieste hovudsetet for irredentistiske rørsler med mål om å annektere alle land som historisk var busett av kulturelt italienske folk. Etter den første verdskrigen enda og Austerrike-Ungarn vart oppløyst vart Trieste overført til Italia (1920) i lag med heile Venezia Giulia. Annekteringa førte til at byen vart mindre viktig og den nye grensa gjorde at han ikkje lenger hadde ei verkeleg landsbygd. Dette førte til ein periode med indre stridar som nådde toppen 13. april 1920 då ei gruppe italienske nasjonalistar brende Narodni dom, det kulturelle senteret for slovenarane i Trieste.

Den andre verdskrigen endre

Etter at Den italienske sosialrepublikken vart oppretta 23. september 1943 vart Trieste formelt ein del av denne staten. Tyskarane annekterte han derimot til Operasjonssonen Det adriatiske kystlandet, som òg inkluderte Gorizia og Ljubljana og vart styrt av den austterikske Friedrich Rainer. Under nazistane sin okkupasjon vart den einaste konsentrasjonsleiren i Italia bygd i ein forstad til Trieste ved Risiera di San Sabba (Rižarna) den 4. april 1944. Byen vart òg råka av parisanarane sine militære aktivitetar og bombardement frå dei allierte.

30. april 1945 starta den italienske antifacistiske Comitato di Liberazione Nazionale (CLN) med 3 500 frivillige eit opprør mot nazistane. 1. mai kom dei jugoslaviske partisanarane leia av Tito og frigjorde det meste av Trieste frå nazistane. Den andre newzealandske divisjonen heldt fram langs nordkysten av Adriahavet til Trieste og kom til byen dagen etter. Dei tyske styrkane kapitulerte til slutt 2. mai.

 
Miramare-slottet

Den italienske byen endre

I 1947 vart Trieste ein sjølvstendig stat kalla Det frie området Trieste (Territorio libero di Trieste) og vart i fleire år styrt av ein alliert militærregjering som bestod av amerikanske og hovudsakleg britiske styrkar leia av Sir Terence Airey. Denne staten vart de facto oppløyst i 1954 og byen Trieste, kalla Sone A, vart ein del av Italia, medan den sørlege delen (Sone B), som bestod av Istria og delar av Kras, gjekk til Jugoslavia. Annekteringa til Italia skjedde offisielt 26. oktober same året.

Grensespørsmålet med Jugoslavia og statusen til dei etniske minoritetane vart endeleg fastsett i 1975 med Osimoavtalen.

Kjelder endre

  1. Hubmann, Franz, & Wheatcroft, Andrew (red.), The Habsburg Empire, 1840 -1916, London, 1972, ISBN 0-7100-7230-9

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trieste