Robin Simon

Robin Simon (fødd 12. juli 1956)[1] er ein britisk gitarist, som var medlem av Ultravox, Magazine og Visage.

Robin Simon
Fødd12. juli 1956 (64 år)
FødestadHalifax i West Yorkshire i England
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1970-åra
SjangerNew wave, postpunk, synthpop
InstrumentGitar, korvokal, synth
Tilknytte artistarUltravox, Visage, Magazine, John Foxx, Neo, Ajanta Music
Verka somMusikar

I 1975 flytta han til London og vart med i punkpopbandet Ians Radio (seinare kalla Neo) i 1976. Simon kom inn i Ultravox som erstatning for Stevie Shears i 1977. Han var berre med på eitt album, Systems of Romance, i 1978, før han slutta i lag med John Foxx året etter.[2][3]

I 1980 vart Simon så medlem av Magazine, der han erstatta John McGeoch.[4]. Han var berre med ei kort stund, før han slutta for å spele med John Foxx på albumet Garden. Han heldt fram å spele med Foxx utover i 1980-åra. Seint i 1980-åra vart Simon med i bandet Humania, som var starta av Ultravox-medlemmet Billy Currie, etter at Ultravox vart oppløyst.[5]

DiskografiEndra

Neo
  • Live At The Vortex (1977) (samlealbum med ymse artistar)
Ultravox
Magazine
John Foxx
Humania
  • Sinews Of The Soul (2006)
Ajanta Music
  • And Now We Dream Secret door. (2006)
Visage

KjelderEndra

  1. Chase, Helen. Magazine Pg. 23
  2. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh: Canongate. s. 1132. ISBN 978-1-84195-827-9.  « Robin Simon – gitar (ex-NEO) repl. Shears ... [Apr 79] Robin ... departed to Magazine.»
  3. Welbourn Tekh, «Ultravox – Systems of Romance (review)», Head Heritage
  4. New Musical Express, 26. juli 1980
  5. Grant, Steven, Robbins, Ira, & Reno, Brad «Ultravox», Trouser Press